Event

Gamle Bach, evig ung
28
sep.
2016

Gamle Bach, evig ung

  • Start kl:07:30 pm

Musikk av den pur unge og den eldre Bach på orgelet i Stokka kirke med Kolbein Haga ved tangentene.

Kolbein Haga er utdanna som kantor og organist med Bjørn Boysen som orgellærar ved Norges musikkhøgskule, Oslo, og seinare med Finn Viderø, som dansk statsstipendiat i solistisk orgelspel ved Det kgl. danske musikkonservatorium, København. Studiene blei avslutta med solistdebut i København og Oslodom hausten 1976.Seinare har han gjennomført improvisasjonsstudier med Johannes Ernst Köhler ved Franz Lisz-Hochschule für Musik, Weimar, DDR.Han har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år. Kolbein Haga er fyrsteamanuensis i orgel-og kyrkjemusikk. Han har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga ved Universitetet i Stavanger / Musikkonservatoriet i 20 år.Vidare har han arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA;Kyrkjeleg arbeidsgjevar-og interesseorganisasjon,sentralt i Den norske kyrkja. Kolbein Haga har gitt konsertar og gjort radio-og plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland.Som utøvar har han profilert seg som tolkar av eldre musikk med vekt på den nordtyske orgelbarokk og Bach, samt nordiske komponistar frå våre århundre. I 1985 framførde han Bachs samla orgelverk over 15 konserter i St. Petrikyrkje, Stavanger. I 1987 framførde han det meste av Buxtehudes orgelverkover 7 konsertari St. Svithun katolske kyrkje, Stavanger.Vidarehar han urframførd ei rad tingingsverk frå nordiske komponistar.Han har hatt ei lang rekkje oppdrag som orgelbyggkonsulent, som rådgjevar vedrørande kompetanseevalueringog kyrkjemusikkspørsmålpå eit breidt område. Kolbein Haga har vore kunstnarleg og administrativ leiar for Norsk orgelfestival frå 1990 til 2015. Han er heidersmedlem av Norsk orgelfestival, fri kunstnar,orgelkonsulent og rådgjevar innan kyrkjemusikk.

Program (J.S. Bach):
Praeludium et Fuga, D-dur, BWV 532,
Triosonate VI, G-dur, BWV 530 A, første sats, vivace
Partita „O Gott, du frommer Gott”, BWV 767.
„Allein Gott in der Höh‘ sei Ehr” BWV 663
Praeludium et Fuga, G-dur, BWV 550